Suksess på FolkJazzScena i Førde

Over 200 fann vegen til FolkJazzScena sin dobbeltkonsert med Majorstuen og Salzumba på Rica Sunnfjord Hotel fredag 5. februar. 10-årsjubilantane Majorstuen rocka med gnistrande spel og ikkje minst profft gjennomført sceneshow. Repertoaret frå den nye plata SKIR, der dei mellom anna har ein låt med namnet Hjelmeseten slo godt an. (Andreas Ljones i Majorstuen komponerte slåtten medan Odd Bjørn Hjelmeset gjekk 5-mila si under OL i Sapporo.)
Etter ein times konsert med norske takter, tok Salzumba over scena, og frå første tone, hadde dei ivrigaste funne sin plass på dansegolvet som var fullt resten av kvelden. Mange fekk nok rett og slett litt festivalkjensle..

VRAK Arrangørseminar i Førde

Fredag 5. og laurdag 6. februar er nesten 70 arrangørar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. samla til arrangørseminar i Førde. Aktuelle tema er bruk av sosiale medier i marknadsføring; korleis nå ut med den glade bodskap; sponsorarbeid og samarbeid.

Arild Nybø har akkurat avslutta sitt foredrag om sosiale medier. Snakka mykje om Facebook.. Som har 350 millionar ”innbyggjarar”, og dermed er den 4. største ”samfunnet” i verda. Og det veks framleis. Dialog, er måten å kommunisere med publikum på. Morgondagens brukarar av sosiale medier er ”digitale innfødde”. Heile foredraget hans kan lastast ned her

Årets tema: Fridom og undertrykking

aurelio1-klein fuer web — Aurelio Martinez frå Honduras

Med temaet fridom og undertrykking set den 21. Førdefestivalen fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve. Sjølv i 2010 er det nemleg slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin, og nokre av dei får vi møte på Førdefestivalen i juli. Her kan du lese meir om temaet og sjå kva artistar som no er klare for festivalen.

Har du bilete frå Førdefestivalen?

Sturla Eide — Foto: Arild Nybø, mediebruket.no.

Denne Origo-sona for Førdefestivalen vart oppretta like før årets rekordfestival. Ivrigaste bidragsytar hittil har vore Jan Roar S. med både flotte bilete, video og tekst.

Har DU bilete eller video frå festivalen, så kan du bli løna med årets jubileums-CD dersom du lastar dei opp her i løpet av den næraste veka. Ingen vits i å la dei bli liggande på minnebrikka. Del dei her til glede for fleire!

Trolsk stemning på Jølstramuseet

Festivalfrukost med Frikar

Nokon tek dette med morgongymnastikk særdeles langt ut.

Videoglimt frå gatekonsertane fredag

Sjølv om temperaturen etter kvart steig over tretti grader i skuggen gjekk det heftig for seg på gatekonsertane.

Lettare å vere musikkreporter i Førde enn i London

BBC3-reporter Fiona Talkington — Den engelske reporteren fortalde også at ho er imponert over dugnadsinnsatsen, der hundrevis av frivillige står bak ein festival og bidreg med liv og lyst, om ikkje for anna løn enn å kome i feststemning. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Den britiske radiokanalen BBC3 sin programvert Fiona Talkington var på Førdekonferansen 2009 utfordra til å snakke om “Norwegian festivals – A United Kingdom perspective”.

Talkington har vore på mange norske festivalar, og nemnde spesielt Festspillene i Bergen, Moldejazz og Førdefestivalen. Det var musikken som fekk Talkington til Norge første gong, etter at ho hadde oppdaga musikken til Jan Garbarek og Terje Rypdal.

- Festivalane må ikkje berre vere mottakarar

Festspeldirektør Per Boye Hansen — Viss politikarane hadde hatt betre innsikt i kunstproduksjonen i Norge ville vi hatt ein betre politikk. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Direktør ved Festspillene i Bergen, Per Boye Hansen, opna sitt føredrag på Førdekonferansen 2009 med å seie at vi treng ein elitekunst. Men han åtvara på same tid mot ein elitistisk kultur, og sa at Festspillene til enkelte tider har vore elitistisk og med det har vore inne på eit blindspor.

Kunst på høgaste nivå

- Å jobbe med kunst er å jobbe med kvalitet, sa Boye Hansen, og sa at dermed er spørsmålet korleis kvalitet skal definerast.

Kulturløfter frå politikarane framfor valet

Kulturpolitisk debatt — på Førdekonferansen 2009. Her er det filmforkjempar Randi Førsund (med handa i vêret) som får kome med spørsmål om korleis panelet vil handsame filmproduksjonen i Norge om det kjem til makta etter valet. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Den andre og siste dagen på Førdekonferansen 2009 vart avslutta med glimtvis høg temperatur då representantar frå Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Høgre i eit debattpanel vart utfordra til å gje ein peikepinn på korleis kulturpolitikken vil bli etter valet, alt etter kven som får regjere. I salen sat ulike kulturaktørar, alt frå lokalpolitikarar, byråkratar, forskarar, utøvande kunstnarar, leiarar av kulturinstitusjonar og representantar frå næringslivet. Temaet var “Kulturpause eller nytt kulturløft? Kva kulturpolitikk får vi etter valet, september 2009?”

Mange emne vart lufta, t.d. kommunane sine utfordringar med å gjennomføre samhandlingsreforma i helsesektoren, og på same tid løfte kulturen. Også desentralsering av den norske filmindustrien vart diskutert, og den ferske rapporten som indikerer at dei store byane får mykje meir av kulturmidlane enn distrikta.

Utekonsert i Førde?

Førde har fått ein flott arena for utekonsertar på Tangen (gratulerer), og i denne rekordvarmen er det mogeleg å kjøle seg ned i Jølstra, som renn vakkert forbi… Ikveld kl. 22 spelar Farmers Market, Sver og DJ99 på Tangen. Det er plass til eit par tusen menneske, så ta turen til Førde folkens! De som tek bileter under arrangementet – legg dei inn her!

Videoglimt frå festivalopninga på Førde Torg

Omlag seks hundre tilskodarar var samla framfor torgscena då DJ99 og festivaldirketør Hilde Bjørkum erklærte Førdefestivalen 2009 for opna. Opningsfanfaren kom frå Tibet. For dei som ikkje hadde høve til å vere til stades spanderar vi nokre videoglimt.

- Det er ikkje pengar som driv kulturentreprenørane

Per Mangset frå Høgskulen i Telemark. — Mangset heldt føredraget “Kulturelt entreprenørskap – nye mulegheiter i nedgangstider?” (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

I vår gav professor Per Mangset ved Høgskulen i Telemark ut boka Kulturelt entreprenørskap saman med Sigrid Røyseng. Researchen bak boka var bakgrunnen for føredraget “Kulturelt entreprenørskap – nye mulegheiter i nedgangstider?” som Mangset heldt på Førdekonferansen 2009. Mangset er også seniorforskar ved Telemarksforsking.

Føredraget innheldt mange fleire poeng enn det som er råd å oppsummere her, og dei som er interesserte bør tinge boka.

Energioverskot blei kulturpådrivar i Kristiansand

Erling Valvik i Cultiva. — Her på Førdekonferansen 2009. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Erling Valvik i Cultiva, Kristiansand Kommunes Energiverksstiftelse, viste under Førdekonferansen 2009 korleis Cultiva med inspirasjon frå Bilbao, Glasgow, USF Verftet i Bergen osv. kunne bruke stiftinga til å sikre arbeidsplassar og gode levekår i Kristiansand. For føremålet til stiftinga lyder slik:

§3
Stiftelsens formål er å sikre arbeidsplasser og gode levekår i Kristiansand ved å gi støtte til prosjekter ved etablering av kunst-, kultur- og kunnskapsinstitusjoner eller organisasjoner som bidrar til nyskapning, utvikling og kompetansebygging ved kreative miljøer i Kristiansand.

Kunnskapsinstitusjoner som utvikler kreativitet og nyskapning kan tildeles midler fra stiftelsen.

Institusjoner eller organisasjoner som mottar støtte må drive virksomhet på kvalitativt høyt nivå til nytte for lokalsamfunnet.

Fortløpande offisiell oppdatering på fordefestival.no

Finn du ikkje det du leitar etter? Hugs at denne Origo-sona først og fremst er DI, dvs. du som deltek på Førdefestivalen på ein eller anna måte. Men ikkje gløym festivalen si hovedside for fortløpande informasjon på fordefestival.no. Der kjem mykje nyttig informasjon frå festivalleiinga, og der kan du m.a. lese opningstalen til festivalstyreleiar Kristin Valla. Det er også der pressemeldingane blir lagt ut.

Dei mest tilpassingsdyktige vinn kampen om kultursponsinga

Hjartesukk frå banksjef Siren Sundland: — – Ei investering i kultur kan ikkje forsvarast berre med gode intensjonar, og ein suksess kan ikkje målast i eit bilete av glade barneansikt. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Siren Sundland, banksjef i Sparebanken Vest, kom med eit hjartesukk under sitt føredrag på Førdekonferansen 2009. Banken er ein stor bidragsytar til kulturlivet på Vestlandet gjennom sponsorverksemd, og ho fortalde at banken har brukt mange år på å få vise fram det dei støttar, t.d. gjennom media, utan at media har fatta særleg interesse. I perioden 2002-2008 har banken gjeve 125 millionar kroner i sponsormidlar, og 430 millionar til almennyttig verksemd. Men då finanskrisa slo til ringte Bergens Tidende og spurte: “Kva kjem de no til å slutte med å støtte?”. Medieoppslaget deretter førte til at Sundland fekk telefonar frå folk som lurte på kvifor banken med dette ville øydeleggje for kulturlivet.

- Banken har fått telefon frå kulturaktørar etter at kommunar og stat har sagt nei, fortalde Sundland, som dermed på spøk lurte på om folk oppfatta banken til å stå over både Staten og kommunane i hierarkiet. Dei som ringjer vil då forklare overfor banken kor viktig prosjektet er, kor viktig det er at dei får midlar.

Festivaliseringa av kulturlivet er ingen risikosport

Festivalisering – ein risikosport? — – Det er sprøyt av festivalane øydelegg for det fortløpande kulturlivet, sa Svein Bjørkås ved Institutt for musikkvitenskap. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Fleire av føredragshaldarane på Førdekonferansen 2009 analyserte kulturen i lys av finanskrisa, og konklusjonen deira er at festivalane stort sett er godt rusta til å tole den.

Instituttleiar Svein Bjørkås ved Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo var blitt tildelt føredragstittelen: “Festivaliseringa av norsk kulturliv – ein risikosport?”.

Det strøymer på med bilete frå Førdefestivalen

Bilete frå festivalen finn du m.a. her:

fordefestival.origo.no

- Gløym bakstrevarane. Grav dei ned!

Professor Jørgen Amdam — For å få til regional og lokal utvikling framhevar professor Jørgen Amdam kulturaktivitetar som ekstremt viktig.
- Dette er det sosiale limet, der ein gjer noko i lag året rundt, til dømes med å planlegge ein festival. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Professor og rektor ved Høgskolen i Volda, Jørgen Amdam, landa i det han omtala som cowboy-byen Førde, etter å ha halde føredrag i Tyskland, og skulle halde føredrag i Malaysia dagen etter. Og i føredraget på Førdekonferansen 2009 kom han med døme frå andre stader i verda, som var nyttige innspel for norske kulturaktørar. Tittelen var “Kultur som motor lokal og regional utvikling i framtida”.

Amdam viste til eit gigantisk kjøpesenter i Canada, ein «mall» der variantar av kultur var integrert i kjøpesenteret, t.d. fornøyelsesparkar, pianobarar, badeland m.m. Han sa at i dette tilfellet vert handel meir som ei oppleving der underhaldning er eit viktig element, sjølv om det er kopiar av kultur. Det gjev ein meirverdi. Med «kopiar av kultur» viste Amdam til dømes til Las Vegas der det er bygt enorme kopiar av kjende byggverk og kunstverk frå heile verda. Det vil seie: “Kultur er business”, og oppleving og underhaldning fører til meir handel. Er dette vår framtid, kan dette bli Førde, spurte Amdam.

- Kultur og kreativitet er regional utvikling i seg sjølv

Fylkesordførar Nils R. Sandal opna konferansen — – Kan vi ha regional utvikling utan kultur? Svaret er innlysande. Å satse på kultur og kreativitet er regional utvikling i seg sjølv, sa Sandal. (Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Er det mogleg med regionalutvikling utan kultur? Har vi for mange festivalar i Norge? For mange dårlege festivalar? Korleis hevdar vi oss internasjonalt på festivalfronten? Står vi ved eit skilje i norsk kulturutvikling?

Dette er vesentlege spørsmål som Førdekonferansen 2009 prøver å finne svar på. Konferansen vert arrangert for andre gong, og årets konferanse vart opna torsdag 2. juli av fylkesordførar Nils R. Sandal. Han sa at målet med konferansen er å etablere ein arena for å setje viktige kulturpolitiske tema på dagsorden.

Halling eller salsa?

Det er no EIN ledig plass att på hallingkurset med Hallgrim Hansgård, medan ventelista er lang på Salsa grunnkurs. Songkurs med Eva Quartet har to plassar att…

Varmt billettsal!

var akkurat nede og kjøpte 2 meter med billettar, og no var det ikkje mange plassbillettar att til opningskonserten, men det er sitteplass til 2000 så det er enno ikkje fullt. Frikar, Galla og kyrkjekonsert sel også så det susar. Ikkje vent for lengje folkens!

Førdefestivalen set Norge på kartet i utanlandske medier

Dagsavisen trekkjer fram Førdefestivalen med sine over 300 artistar frå 23 land som ei perle som har vakse seg stor. Avisa skriv at når utanlandske medier ein sjeldan gong skriv om norske festivalar, så er det Førde som blir nemnt:

«Dette takket være festivalen som unikt møtested for verdensmusikk, norsk og utenlandsk folkemusikk og langveisfarende tradisjonsutøvere. Når de i år kan skilte med Grand Prix-danserne i Frikar på programmet, er det med andre ord helt naturlig og ikke et utslag av plutselig publikumstekke.»

Førdefestivalen på Origo - sona for festivalvener

Følges av 38 medlemmer.

Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli, og er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge.

Dette er DI sone, anten du er publikum, artist, sponsor, gjest eller interessert i festivalen på andre måtar. Her kan DU diskutere og utveksle minne med andre festivalvener. Last opp bilete, still spørsmål, få tilrådingar, gje ris og ros. Om du kjenner att noko i programmet er det fint om du klikkar på arrangementet og skriv kva DINE opplevingar er med desse utøvarane frå før, eller kva forventningane dine er. Du kan også markere at du skal delta på tilskipinga, t.d. slik at kjenningar av deg kan slå følgje.

(Peikarar til programmet og dei offisielle nettsidene med informasjon frå festivalleiinga finn du ovanfor.) Meir om sona

Origo Førdefestivalen på Origo - sona for festivalvener er en sone på Origo. Les mer

Informasjon frå festivalleiinga, artistinfo, billettinging osv. finn du på:
www.fordefestival.no

Annonse